Boska Innovasjon

Automatisering og produksjon i Ørsta

Også dei små jobbane kan automatiserast

Har du ei oppgåve du gjer for hand kvar dag, men som verkar for lita til å forsvare ei stor investering? Eg tek utgangspunkt i utstyret du har, og ser etter ei enkel, robust løysing som løner seg for deg.

Fortel meg om oppgåva
Robotarm og operatørpanel i ei produksjonscelle
Illustrasjonsfoto · Robotcelle

Tenester

Robotikk og maskinbygging

Vi byggjer spesialmaskiner, programmerer PLS-ar og integrerer robotar som handterer emne og betener maskiner.

Produksjon og maskinering

Vi maskinerer delar, lagar fiksturar og tilbyr laserskjering og gravering.

3D-print og skanning

Vi skannar delar utan teikningar, lagar CAD-modellar og 3D-printar prototypar, reservedelar og småseriar.

Ombygging og systemintegrasjon

Vi byggjer om maskiner og koplar nytt produksjonsutstyr til styringssystema du brukar frå før.

Teknisk feilsøking på maskiner

Vi undersøkjer signal, styringsprogram og mekanikk for å finne årsaka til feil og gjere framlegg om tiltak.

Døme på oppdrag

Planfres som fresar eit stålemne

Du treng ein del utan teikning

Vi kan skanne delen du har, og lage ein CAD-modell som grunnlag for å produsere ein ny.

PLS-skap for styring av ein industrikompressor

Nytt utstyr skal inn i ei produksjonslinje

Vi kan kople det nye utstyret til styringssystemet du har, og tilpasse sekvensen til produksjonen din.

Illustrasjonsbilete og døme på kva vi kan hjelpe med.

Om Boska Innovasjon

Eg driv Boska Innovasjon åleine frå verkstaden i Ørsta. Eg starta bedrifta for å ta tak i oppgåvene som ofte blir liggjande fordi automatisering verkar for dyrt eller omfattande. Når du tek kontakt, snakkar du direkte med meg om kva maskina skal gjere, og kva det er verdt å bruke pengar på.

Når oppdraget krev fleire hender eller annan fagkompetanse, hentar eg inn samarbeidspartnarar eg kjenner godt. Saman kan vi ta på oss større prosjekt der mekanikk, maskinstyring og robotikk må spele på lag.

Lat oss sjå på oppdraget ditt

Send meg gjerne eit bilete av utstyret og nokre ord om kva du vil gjere enklare.

Send ein e-post

boskainnovasjon@gmail.com